Olje for utvikling (OfU) er svært høgt profilert i det norske politiske miljøet. Kva er grunnen til dette? Er det andre områder innanfor utvikling og bistand som bør prioriterast høgare? Klarar den norske stat å skilje mellom næringsinteresser og utviklingshjelp?
I følgje Norad er OfU eit bistandsprogram som vil “støtte utviklingsland med petroleumsressursar i sitt arbeid for å forvalte desse på ein måte som genererar økonomisk vekst og fremjar befolkninga si velferd generelt, og på ein måte som er miljømessig bærekraftig”
Ei av målsetningane for OfU er å inkludere sivilsamfunnet i forvaltninga av petroleumsressursane. Kan prosjektet vise til auka deltaking frå til dømes fagrørsla, kvinner og undertrykte grupper i mottakarlanda?
Demokratiske institusjonar i mottakarlanda er viktig for å sikre at utviklinga kjem heile folket til gode. OfU har fått kritikk for at det ikkje blir stilt konkrete krav til mottakarlanda før ein går inn med støtte av prosjekt. Skapar ein med dette meir korrupsjon og konflikt i desse landa? Korleis bidreg OfU til at olja blir ei velsigning og ikkje ei forbanning?
Type: Møte
Hvor: Klubben, Trondheim
Når: tirsdag 20. april 2010
Tidspunkt: 19:00
Arrangerende: Café Nordsør
Kalender
Legg til dette arrangementet (iCal)
Legg til i Google Calendar (iCal)
Billett inkludert i inngang.