Dersom du likar indie, ska og punk, bør du ta turen til Samfundet 2. Oktober for å oppleve eit band med ein herleg fusjon av akkurat desse tre sjangrane. Razika er klare for å innta Studentersamfundet, og du bør gjere deg klar for å bli overvelda.

Razika består av fire jenter fra bergen, alle 18 år. Trass den unge alderen har dei allereie rukke å spele over 70 konsertar i Bergen, Oslo, Bodø og Berlin, og dei har fått æren av å bli Ukas Urørt. Låten ”Kommando” har blitt spelt mykje på NRK P3, og dei har delteke på samleplata ”Opplett”, utgitt av Erlend Øye og Mikal Telle. Dei kjem òg ut med ny EP til hausten.

Razika, som byrja som eit dekknamn på kjekke gutar innad i jentegjengen, har vist seg å bli eit av dei viktigaste nye banda i Norges musikksamfunn.

www.myspace.com/razika

Razika på Urørt

Antrekk: Studentergalla

Informasjon

Type: Konsert
Hvor: Knaus, Trondheim
Når: lørdag 02. oktober 2010
Tidspunkt: 23:59
Arrangerende: Lørdagskomitéen

Del
Facebook Facebook
Twitter Twitter

Kalender
  Legg til dette arrangementet (iCal)
  Legg til i Google Calendar (iCal)

Billett inkludert i inngang.