Jaga Jazzist har blitt eit musikalsk fenomen i Noreg sidan oppstarten for 17 år sidan. Ikkje berre er dette instrumentelle bandet rekna som eit av dei mest spennande banda i Noreg; alle dei ni medlemmane er involvert i andre musikalske prosjekt og har på kvar sine måtar bidratt i det norske musikkliv dei siste åra.

Jaga Jazzist blei starta i 1994 i Tønsberg med brødrene Martin og Lars Horntvedt som den harde kjerna. Bandet vaks taktfast og brakdebuterte omsider i 2001 med ”A Livingroom Hush”. Plata tok kritikerne med storm og blei av britiske BBC kåra til årets jazzalbum i 2002. Med sin magiske fusjon av jazz, elektronika, prog og rock utgjør dei eit eget kapittel i moderne norsk musikkhistorie. Suksessen fortsatte med ”The Stix” i 2003, ”What We Must” i 2005, og 2010 braut dei endelig stillheten med ”One-Armed Bandit”.

Kapellmester Martin Horntvedt leverer eit hardkøyr utan like bak trommene, medan gitarstøyvirtousen Stian Westerhus og resten av bandet solid følgjer på. Lydbiletet til Jaga er vanvittig tettpakka, som ein vegg, uten at det blir ubehageleg. Jaga er ikkje blant banda som må spele gamle slagarar for å glede sitt publikum – dei er så samspela, så finstemte og så villige til å øse av energi at eikvar låt får publikum til å hengi seg til tonane og dei innfløkte rytmane.

Arrangementet har 18 års aldersgrense

Hjemmeside Jaga Jazzist på Spotify Jaga Jazzist på Myspace

Informasjon

Type: Konsert
Hvor: Storsalen, Trondheim
Når: lørdag 28. januar 2012
Tidspunkt: 22:00
Arrangerende: Lørdagskomitéen

Del
Facebook Facebook
Twitter Twitter

Kalender
  Legg til dette arrangementet (iCal)
  Legg til i Google Calendar (iCal)

Billett

Medlem:190 kr
Ikke-medlem:240 kr

Billetter ikke tilgjengelig