OBS! Arrangementet er flyttet til Klubben og starter klokka 22:00. Kom for å høyre det Trondheimsbaserte bandet Your Headlights Are On som spelar musikk med røtter i både jazz, rock og populærmusikk. Alle låtane er sjølvskrivne, med tekstar frå blant andre Roald Dahl og Robert Hayden.

Bandet består av Ingrid Helene Håvik (vokal), Heida Karine Johannesdottir Mobeck (tuba), Anja Lauvdal (piano) og Lars Ove Fossheim (gitar), som byrja å spele i lag for snart tre år sidan. Dei har i løpet av den perioden jobba mykje med sitt musikalske uttrykk, som er intenst, dynamisk og personleg. Dei kombinerar enkle melodiar og akustiske instrument med elektronikk og eksperimentelle improvisasjonar.

Somme av deira største inspirasjonsskilder er Radiohead, PJ Harvey, Wildbirds & Peacedrums, og Bob Dylan.

http://www.myspace.com/turnoffyourheadlights

Informasjon

Type: Konsert
Hvor: Klubben, Trondheim
Når: lørdag 20. februar 2010
Tidspunkt: 22:00
Arrangerende: Lørdagskomitéen

Del
Facebook Facebook
Twitter Twitter

Kalender
  Legg til dette arrangementet (iCal)
  Legg til i Google Calendar (iCal)

Billett inkludert i inngang.