Ein stakkars familie lever eit normalt liv heilt til dei ein dag mottek ein videokassett i posten. Nokon filmar dei i skjul. Nerver vert tynnslitte og paranoiaen er sjølvforsterkande medan Michael Haneke heile tida held deg fast i si kalde regihand.
Me vert kjende med eit ektepar i 50-åra og sonen deira. Dei lever eit heilt normalt familieliv i eit heilt normalt nabolag heilt til ein dag dei får ein videokassett i posten. Nokon filmar dei i skjul. Opptaka inneheld ikkje noko spektakulært, men like fullt. Nokon filmar dei i skjul og sender opptaka til dei. Frykta for det ukjende byrjar å gro. Etterkvart kjem det fleire kassettar og breva som fylgjer vert meir personlege og makabre. Nerver vert tynnslitte, paranoiaen vert sjølvforsterkande og familieidyllen byrjar å slå sprekkar. Ikkje berre forstår ein dei stakkars terroriserte foreldra, men der ein sit fastklemt i Hanekes kalde regihand føler ein paranoiaen direkte i seg sjølv, og det er dette som utgjer Hanekes geni. Ja, det er litt vondt. Regissør Michael Hanekes karriere inneheld ubehagelige høgdepunkt som Funny Games (1992), Pianolærerinnen (1997) og no i vår kinoaktuelle Det hvite båndet.
Frankrike 2005
Regi: Michael Haneke
Tid: 96 min
Tekst: Norsk
Merk: for å se filmene som vises av Studentersamfundet Filmklubb må du ha medlemskap i filmklubben. Dette er uavhengig av om du er medlem av Samfundet eller ikke.
Type:
Hvor: Storsalen, Trondheim
Når: søndag 14. mars 2010
Tidspunkt: 20:00
Arrangerende: Kulturutvalget
Kalender
Legg til dette arrangementet (iCal)
Legg til i Google Calendar (iCal)
Prisinformsjon
| Medlem: | 30 kr |
| Ikke medlem: | 30 kr |
| Filmklubbmedlemskap: | 50 kr |