Vi treng ny leiar!

Skrevet av Marie Sigmundsdatter Stølen, 14. jan. kl. 12:38 (1)

Den 18.februar er det tid for leiarval på Samfundet, og Storsalen bestemmer. Deltaking er makt. Og kunnskap er nødvendig.

Det er ingen som er den perfekte leiarkandidaten. Det du har er potensialet, og det er mange som skal hjelpe deg med vegen til å bli Samfundet-leiar frå den 17.mai. Det du har er visjonar, energi og vilje til å prioritere Samfundet i eit heilt år. Du likar å bli kjend med nye mennesker, å prate med folk og å motivere. Du klarar å manøvrere gjennom konfliktar og du kan jobbe - mykje. Det tek tid å vere leiar for Samfundet, både organisatorisk og sosialt. Men det er utan tvil verdt det!

Studentersamfundets leiar er ansvarleg for medlemsorganisasjonen, og samarbeider med finansstyret, kommunen og Samfundets gjenger. Som leiar for Samfundet får du velje ditt eige styre. Styret har igjen ansvar for å avholde Samfundsmøter, representere Studentersamfundet og utarbeide vår politiske profil. Det er eit utruleg privilegie å få velje kven ein skal samarbeide med. Å arbeide tett saman i eit styre med dei du finn dyktigast og mest utfyllande for kvarandre i eit heilt år er kanskje det du lærar mest av som leiar.

Som leiar kan du sjølv velje dine fokusområde. Vervet i Finansstyret er svært viktig. Plassen i Trondhjem Studentråd gjer at du får blikket ut frå Samfundet og inn i studentpolitikken. Uansett kva du veljer, om det er å arrangere velkomstfest for internasjonale studentar, forsøker å involvere HiST i større grad, auke samarbeidet med andre organisasjonar og institusjonar eller bruker all di tid på Samfundets økonomi så er det ditt år og dine val. Samfundet skal drivast framover og vi treng nokon med guts. Prosjektane er der.

Det beste med jobben er alle dei spennande menneska du får treffe og jobbe med. I år har eg vore på Satyricon konsert med Are Kalvø. Eg har ete middag med Jonas Gahr Støre. Eg har fått dele ut æresmedlemskap til Gunnar Sønsteby og sjå han verte blank i auga. Men ikkje minst har eg møtt mange engasjerte og intelligente folk som brukar tid på Samfundet, UKA, ISFiT, linjeforeiningar og alt anna du kan gjere som student her i byen. Det nest beste er alt du lærar. Ein lærar gjennom å halde taler, å delta på møter, å skrive samarbeidsavtaler, av konfliktar og gjennom diskusjonar. Eg er ein heilt anna person no enn for eitt år sidan.

Kom og ta frå meg jobben! Eg har snart gjort mitt, og det er din tur. Kjemp om plassen som leiar for Studentersamfundet i Trondhjem, ein av dei mest lærerike og utfordrande jobbane du kan ha som student.

Lurer du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg på leder@samfundet.no eller 93442880. Dersom du ikkje vil bli leiar kan du likevel vere med på å påverke framtida til Huset ved å møte opp, stille spørsmål og bruke stemmeretten din. Gå ikkje glipp av leiarvalet!

Med beste helsing,

Marie Sigmundsdatter Stølen, leiar for Studentersamfundet i Trondhjem


Svar på dette innlegget

Tilde skrev for 1 år siden :

Jeg foreslår Leif Erik Ødegård!


Skriv svar på dette innlegget


OBS: De følgende feltene er her for å stoppe spam. Ikke fyll inn noe i disse. :)



Hvis du har medlemskort på Samfundet kan du logge inn.


eller

Formatering
Kode Resultat
_Kursiv tekst_ Kursiv tekst
**Fet skrift** Fet skrift
> Sitert tekst Sitert tekst
[Lenke](http://www.samfundet.no) Lenke
[youtube](http://www.youtube.com/watch?v=CjOQ9r35uiU) Viser et youtube filmklipp
* Punkt 1
* Punkt 2
  • Punkt 1
  • Punkt 2
(Dette gjelder kun for innleggsfeltet.)
Formateringskonverter

Pass på at du har lest og at du opprettholder bloggens regler.