Du hugsar det kanskje ikkje, men då eg vart valt for over eit år sidan, lovde eg å arbeide for å gjere Samfundet meir miljøvennleg. No skjer det: Samfundet vert grønt!
Samfundet er ein del av lokalmiljøet. Difor har vi ambisjonar om å sertifisere Studentersamfundet i Trondhjem som miljøfyrtårn innan utgongen av august 2009. Samtidig som vårt bidrag til utslepp og miljøsynder i nærområdet reduserast, vil ein meir miljøvennleg drift bidra til betre økonomi, betre rutinar og betre arbeidsmiljø på Huset.
Miljøfyrtårn er ein særnorsk sertifiseringsordning. Hensikta med Miljøfyrtårn er å heve miljøprestasjonen så det monnar. Bedrifter som skal sertifiserast går først gjennom ein miljøanalyse, og jobbar deretter med forbetringstiltak for å oppfylle definerte bransjekrav, og kan så sertifiserast som Miljøfyrtårnsbedrift. Ordninga støttast og anbefalast av Miljøverndepartementet.
Målet vårt er å legge til rette for ein miljøvennleg drift og skape ein tydeleg og dokumentert miljøprofil for Samfundet og brukarane av Huset. Saman med ein godkjent konsulent frå Prosjekt og Teknologiledelse AS har vi sett i gong med å gjere ein miljøanalyse og lage ein handlingsplan for å innfri bransjekrava til Miljøfyrtårn. Miljøanalysen tek for seg tema Internkontroll HMS, arbeidsmiljø, energibruk, innkjøp og materialbruk, avfalls-og utslippshandtering, transport og klimarekneskap.
Samfundet skal møte framtidas miljøutfordringar på ein systematisk måte gjennom offensive og effektive tiltak. Vi vil ha positive resultat knytt til kildesortering, redusert energibruk, trivsel og gode arbeidsforhold. Dessutan vil vi skape engasjement blant våre medlemmer, samarbeidspartnarar og brukarar av Huset. Å bli Miljøfyrtårn er overkommeleg, og det er smart.
Samfundet skal vere eit forbilde i samfunnet!
Hvilke krav er stilt til Samfundet? Hva er det som må forbedres?
Hvorfor svarer aldri Styret på bloggene sine?
Prosessen ble litt forsinket, men Samfundet og UKA ble i september Miljøfyrtårnsertifisert!
Trykk på
for å rapportere innlegg.
| Kode | Resultat |
|---|---|
| _Kursiv tekst_ | Kursiv tekst |
| **Fet skrift** | Fet skrift |
| > Sitert tekst | Sitert tekst |
| [Lenke](http://www.samfundet.no) | Lenke |
| [youtube](http://www.youtube.com/watch?v=CjOQ9r35uiU) | Viser et youtube filmklipp |
|
* Punkt 1 * Punkt 2 |
|
| (Dette gjelder kun for innleggsfeltet.) | |
| Formateringskonverter | |
Pass på at du har lest og at du opprettholder bloggens regler.