Social Suicide - nye screamofavorittar

Skrevet av Cathrine Sneberg Grøtteland, 28. jan. kl. 03:18 (1)

”Norges nye screamostjerner” seier Asbjørn Slettemark om bandet Social Suicide som gjestar Knaus laurdag 30.01. Det har lenge vore eit godt screamo/hardcoremiljø i Noreg, til dømes JR Ewing, Rhumble in Rhodos og Snöras, men mange har etterlyst den meir tilgjengelege sida av sjangeren. Med sitt melodiske og pønka uttrykk kan Social Suicide fylle dette tomrommet.

Det unge, lovande og hardtslåande bergensbandet har gjennom sitt energiske og aggressive sceneshow fått spelejobbar på fleire norske klubbscener og festivalar, samt òg på prestisjetunge Underworld i London i 2009.

Songane handlar om alt frå frustrasjon til religion. Dei syng om det som opptek dei, og som dei trur folk kan kjenne seg igjen i. Blandinga av punk og melodisk hardcore sender tankane til Norma Jean, Rise Against, Dominic, Årabrot og Comeback Kid. Våren 2009 slapp Social Suicide sin debut EP Kansas City Shuffle, og sist veke slapp bandet sjutommaren “5th Man on Dead Man’s Grave” på singelklubben til Brilliance Records. Til sommaren har bandet planlagt å spele inn sitt debutalbum, men reknast allereie som i spissen av den nye hardcore-bølgen saman med blant anna Blood Command.

"Har kjempetro på disse i 2010! Hvis de er i nærheten av hva de presterer på innspilling, live – er dette mitt nye favorittband" – Ruben Gran (Lydverket. 04.01)

Social Suicide er klare til å lage liv på Knaus allereie no på laurdag. Sjekk samfundet.no for meir informasjon, og sjå deira fyrste musikkvideo her:


Svar på dette innlegget

Erik Smistad skrev for 1 måned siden :

Virker som et kult band å se live. Fet musikkvideo ihverfall! Lurer på om jeg ikke skal ta en tur innom Knaus etter Jaga er ferdig

Om denne bloggen
En blogg for musikkinteresserte som lurer på hva som rører seg i de arrangerende gjengene på Samfundet og i musikkverden generelt.

Trykk på for å rapportere innlegg.


Skriv svar på dette innlegget


OBS: De følgende feltene er her for å stoppe spam. Ikke fyll inn noe i disse. :)



Hvis du har medlemskort på Samfundet kan du logge inn.


eller

Formatering
Kode Resultat
_Kursiv tekst_ Kursiv tekst
**Fet skrift** Fet skrift
> Sitert tekst Sitert tekst
[Lenke](http://www.samfundet.no) Lenke
[youtube](http://www.youtube.com/watch?v=CjOQ9r35uiU) Viser et youtube filmklipp
* Punkt 1
* Punkt 2
  • Punkt 1
  • Punkt 2
(Dette gjelder kun for innleggsfeltet.)
Formateringskonverter

Pass på at du har lest og at du opprettholder bloggens regler.