Informasjon
Lokaler
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Vuelie
Arrangør Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
Dato 5. november
Tid 20.00 - 21.00
Billett 0,- Medlem / 70,- Ikke medlem
Aldersgrense 18 år (student), 20 år (ikke-student)

Segn og skrøner - ein eventyrleg aftan med Snaustrinda

Det var ein gong, i eit land ikkje så langt frå her, at trolla luska i fjella, grimen lokka ved fossen og snauarar stadig hadde nye forteljingar. Men kva om soga ikkje heilt stemte?

Snaustrinda tek føre seg segner, skrønar og forteljingar slik dei kanskje burde ha vore fortalde. Med musikk, historisk upålitelegheit og ein høgst tvilsam mengd folkekunnskap skal dei slå saman sanning og skrøne. Kongar, troll og andre tvilsame skapningar er varsla. Kjeldene er usikre. Sanninga er ikkje til å stole på, men ein ting er sikkert: Dette vert eit eventyr du seint vil gløyme.

Velkomen til ein eventyrleg aftan med Snaustrinda!


Billetter slippes snart for ikke medlemmer.

Inngang: Edgar
Doors: 19:30

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler