Nyheitsjournalist
Verv som
Gjengmedlem
Dette er en indikasjon på hvor mye arbeid vervet innebærer. Et gjengmedlem forventes å jobbe omtrent 10 timer i uken, funksjonærer omtrent 20 timer. Til gjengjeld har funksjonærer har noen flere goder enn gjengmedlemmer.
hos
Studentmediene
Studentmediene (SM)
Skrivende journalist i Skandinavias eldste eksisterende studentavis
Er du interessert i politikk, å skriva og å diskutera (kverulera)? Join the dark side. Pressa.
I vår fantastiske nyheitsseksjon formulerar me studentrelevante nyheiter til Trondheimsstudentane, og dekkar alt frå studentinitierte arrangement til studentpolitiske sakar, båe på nett og i magasin. Dette er ein samla og sosial gjeng som gjerne tek ein pils (eller brus) etter møter ilag, har felles vors, diskuterar alt mellom himmel og jord og stillar opp for kvarandre når det trengs! Her er ein stad for alle, me er ein gjeng med mange forskjellege personar som bryr seg om det som rørar seg i studentmassen i Trondheim.
I dette vervet kjem du til å skriva saker som gir deg god erfaring med og forståing av journalistikk, presseetikk og korleis eit redaktørstyrt medium fungerar. Spesielt i seksjonen vår er presseetikk viktig å ta på alvor. Å halda eit auge med på kva saker som er relevant for Trondheimsstudentane er viktig, men er absolutt ikkje eit krav at du kan noko om på førehand. Faktisk er dette vervet med på å læra deg om kva som er viktig for nettopp studentane i denne historiske studentbyen!
Dette vervet har ei bindingstid på to år, men eg kan garantera ei uforgløymeleg tid i denne legendariske gjengen<3
Om du har nokon spørsmål er eg lett tilgjengeleg på telefon, melding, mail eller messenger!
Inga Sægrov Binningsbø
Nyheitsredaktør i Under Dusken
Tlf: 95007109
E-post: nyhetsredaktor@studentmediene.no
Kun norsktalende søkere