Informasjon
Restaurant
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Storsalen
Arrangør Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
Dato 12. mars 2017
Tid 19.00 - 21.00
Billett 40,- eksisterende filmklubbmedlem / 100,- nytt filmklubbmedlem / 200,- supermedlemskap
Aldersgrense 18 år

Søndagsfilm (1931)

"Oh, in the name of God! Now I know what it feels like to be God!"

Basert på Mary Shelleys roman frå 1818, står filmen som ein bauta innan skrekksjangeren. Vi møter den gale vitskapsmannen Henry Frankenstein, som er besett av idéen om å skape eit levande menneske frå restane av daude menneske. Frankenstein får hjelp til dette av hans pukkelrygga assistent Fritz. Gjennom vanhelging av diverse lik, og donasjon av ein hjerne, får Frankie og Fritz tak i komponentane dei treng. Frankenstein lykkast i sin sak, men hjernen dei fekk tilhøyrde ein kriminell. Dette gjer at vesenet, portrettert av den legendariske Boris Karloff, er utelrekneleg, og det endar opp med å vende seg mot Frankenstein.

Filmen, utgitt i 1931, vart regissert av James Whale, og er ein del av ein bylgje skrekkfilmar frå Universal Studios som starta med filmatiseringa av Dracula frå 1931. Sjølv om filmen ikkje er den mest trufaste filmatiseringa av Shelleys roman, er den definitivt den mest famøse, då Karloffs rolle i filmen sette standarden for denne typen rolle i filmar framover.

Kom og ver vitne til dette fantastiske stykket filmhistorie, då Studentersamfundets Filmklubb byr på ein stemningsfull aftan med skrekk i svartkvitt.

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler