Informasjon
Restaurant
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Klubben
Arrangør Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
Dato 4. februar 2018
Tid 17.00 - 19.00
Billett 100,- / 150,-
Aldersgrense 18 år

Sundavind

Jazzlinja på Sund har sidan oppstarten i 1992, stått sentralt i utviklinga av Noregs fremste jazzmusikarar. Highasakite, Eirik Hegdal, Ola Kvernberg, Kjetil Møster, Hedvig Mollestad, Skrap og Broen er alle tidlegare elevar ved jazzlinja på Sund, for å nemne nokre få.

I år er det eit kull beståande av 15 lovande musikarar frå heile landet. Saman utgjer dei prosjektet SUNDAVIND. Prosjektet består av eigenkomponert og variert materiale, som blir presentert i større og mindre ensembler med ein tydeleg raud tråd på tvers av låtane. Komposisjonane baserer seg blant anna på improvisatoriske strekk, sterke melodiar og tunge riff. SUNDAVIND viser allsidigheita som finst på jazzlinja ved Sund folkehøgskole, og eit ellers ungt og moderne jazzuttrykk.

SUNDAVIND er:
Håvard Falch Belsheim Tangenter
Johannes Andersen Rønning Tangenter
Aksel Rønning Saksofon
Simon Hagerup Holm Saksofon
Emil Storløkken Åse Gitar
Håvar Svergja Gitar
Benedikte Kornelia Eia Hegset Vokal
Miriam Namtero Kibakaya Vokal
Liv Ellen Rønning Vokal
Sverre Sandnes Sæbø Kontrabass
Sondre Amandus Lekang Bass
Eskild Sveås Okkenhaug Bass
Vegard Haugen Lemme Trommer
Tobias Rønnevig Trommer
Niklas Jenstad Heide Trommer

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler