Informasjon
Restaurant
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Knaus
Arrangør Samfundets Debattkomité
Samfundets Debattkomité (SDK)
Dato 14. november 2018
Tid 18.00 - 20.00
Billett Gratis inngang
Aldersgrense 18 år

Onsdagsdebatt: Treng me sidemål i skulen?

Sidemålsopplæringa er ein del av det norske skulesystemet som stadig er oppe til diskusjon. Fleire røyster tar til ordet for at ein burde gjera sidemålet valfritt, medan den andre sida argumenterer for viktigheita i at skulen skal vera ein sterk bidragsytar for å få på plass ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

Kva skal me eigentleg med sidemål? Treng me det i skulen? Er det verkeleg slik at du aldri får bruk for sidemål, eller at du vert dårlegare i norsk av å læra to skriftsspråk? Dette er somme av spørsmåla me vil diskutere. Med oss i panelet har me Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Norsk Målungdom og Bjørn Emil Nesset frå FpU.

Etter avstemming var det debatten antinatalisme som vart mest populær, men då det viste seg vanskeleg å arrangera ein debatt om dette i Noreg gjekk vi heller til nummer to på lista- Sidemål!

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler