Informasjon
Restaurant
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Knaus
Arrangør Lørdagskomitéen
Lørdagskomitéen (LK)
Dato 14. mars 2015
Tid 23.59 - 01.59
Billett Billett inkludert i inngang
Aldersgrense 20 år

Ferdarhag

Ferdarhag er lyden av storbyens einsemd, og lengsla etter å atter ein gong kome heim.

Tekstmessig vandrar orkesteret i gråsona av livets mørke skuggesider, der kun eit snev av lys slepp inn.

Ein stø puls legg grunnlaget for atmosfæriske rockelåtar om eit liv på rømmen frå kjedsomheitas klamme neve. Skrekken er ikkje å brått kapitulere, men å svinne hen, sakte...

Kvintetten, beståande av unge menn og gamle gutar, likar å omtale musikken sin som: "emo for vaksne". Det musikalske uttrykket nikkar i retning av klassiske rockenamn som Fleetwood Mac, såvel som 80-tals post-punk/altenativ rock-band som The Cure og vår tids Kent.

Med den sjølvtitulerte EP-en som kom i september 2014, serverar bandet fem mørke, stemningsfulle og melodiøse rockelåtar, som mellom anna inkluderar ei spanande vestnorsk omsetting av Kavinsky si hitlåt Nightcall.

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler