Informasjon
Lokaler
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Sitatet
Arrangør Gjøglergruppa Restefest
Dato 6. desember
Tid 17.00 - 19.00
Billett 179,- / 249,-
Aldersgrense 18 år
Utsolgt
Arrangeres i regi av ekstern arrangør, ikke gjengene på Samfundet. Henvendelser kan rettes mot Gjøglergruppa Restefest

Gjøglergruppa Restefest: Kjærleik, Faktisk

Opplev juleklassikaren som du aldri har opplevd han før!

«Dersom du ser godt etter, har eg ei snikande kjensle av at du vil oppdage at kjærleik faktisk er overalt,» seier statsminister David i starten av julefilmklassikaren Love Actually … ja,dersom den hadde vore skriven på nynorsk, altså!

Og det har vi gjort – igjen! Etter fjorårets jubel på SALT i Oslo er vi tilbake med ein ny, oppussa versjon av Kjærleik Faktisk, også på en Trøndelagsturné. Dette er ei heimesnekra og lettbeint framsyning med alle dei kjende og kjære karakterane frå folks favorittjulefilm, no
med endå meir spelarglede, overraskingar og nynorsk julestemning. Vil Harry framleis falle for Mia sine saftige sjekkereplikkar? Vil Colin få napp når han prøver lukka på Jessheim? Og kan fatshaminga av normalvektige Natalie verke endå meir absurd på nynorsk?

Svaret får du denne førjulstida både på besøk i Verdal og Trondheim. Kom i god tid og finn julestemninga og kosen du treng i år! Framsyninga er laga av og med gjøglergruppa Restefest. Restefest har sitt utspring frå SIT og Studentersamfundet i Trondheim, og består av ein gjeng som har flytta til hovudstaden for å bli seriøse vaksne – men som stadig fell tilbake til gamle gjøglertriks.

Etter ein suksessfull sesong med Kjærleik Faktisk på SALT i fjor, er det ei stor glede å vende tilbake til der det heile starta og by på humor, nostalgi og julevarme i perfekt blanding.

Regi: Hanna B. Gravem
Produsent: Stine Stolpestad
Medverkande:
Andreas Gaustad
Bendik Johansen
Daniel Damvall
Emma Bang Synnes
Emilie Teichroen
Fredrik Vildgren

Hanna Breen Gravem
Hilde Vestre Sem
Ina Høie
Ingrid Sultani
Ive Berge Stemsrud
Jonas Boym Flaten
Karen Francke
Lise Haug Nilsen
Martin Næss
Nora Bugge Pasca
Odin Liaklev
Rikke Skindlo
Sander Fridtjof Lerøen
Selma Lerkerød Flo
Stijn Van Oorschot
Stina Bang Synnes
Stine Sisselsdotter Stolpestad
Thea Kristine Fremstad
Victoria Rasch Eldby
Viel Carlsen

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler