Informasjon
Lokaler
Arrangementer
Opptak

English
Medlem
Intern
Lokale Vuelie
Arrangør Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
Dato 12. februar
Tid 19.00 - 23.00
Billett Gratis inngang
Aldersgrense 18 år (student), 20 år (ikke-student)

Folkefestival! I Vuelie

Mørket ligg framleis som eit teppe over studenterbyen når du listar deg gjennom Trondheims kalde og trange veiter… Men du bit tenna saman og set opp farta, for det er nemleg vinterens Folkefestival på Vuelie Grendehus du skal rekke!

Tid Hva
Folkedanskurs 19:00
Rakkarpakk 20:00
Grannar Tre 21:00
Kjeltring 22:00

Rakkarpakk
Rakkarpakk er ein folkesongtrio som baserar seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken. Gruppa består av Vera Sonne og Victoria Oftestad frå Oslo og Martin Steinum Brun frå Vågå i Gudbrandsdalen. Med eit leikent og forteljande uttrykk har gruppa markert seg på den norske folkemusikkscena, og spesielt hausta merksemd gjennom si badstove-konsertserie KVADBAD, arrangert i samarbeid med Oslo Badstuforening. Gruppa slapp sitt debutalbum i 2024 oppkalla etter same konsertserie.

Grannar Tre
Grannar Tre spiller opp til groovy folkedans med gitar, sax og fele! Trioen kler tradisjonsmusikken med sløye akkordrekker og nye rytmar, og speler noe du garantert kan danse til.

Grannar Tre speler musikk inspirert av norsk vise- og folkemusikktradisjon og er beståande av Lars Viljo Fauske, Ingrid Narum og Edvard Kildahl. Med bakgrunn i jazz kler dei tradisjonsmusikken i ny drakt, med sløye akkordrekker og nye rytmar. Trioen spelar musikk fra heile landet, men har særs tilknyting til Møre og Romsdal, Vestlandet og Trøndelag. Elles er dei inspirert av grupper og personar som The Nordic Fiddlers Block, Ole Paus og Valkyrien Allstars.

Kjeltring
Dei gamle spelemennene var rockestjerner i bygda si, dei hadde ikkje bass, trommer, lydanlegg og vreng. Det har Kjeltring.
Trioen med røvarar frå NMH forankrar seg i den norske slåttemusikken. Tradisjonsmusikken blir sveisa i hop med groovy basslinjer, mikrotonale harmoniar, mystiske tekster, harde rytmer og tette, gode vokalharmoniar. Ei himmelsk, eller helvettes sameining.
Trioen eksperimenterar no med eit heilt nytt lydbilete, nye vokal-låtar smelter gamalt og nytt saman til ei smørje av personlege, fremtidskuende, tekstelege og musikalske uttrykk. Med ein utgevelse under beltet gjer vi oss klare for nye musikalske eventyr!

Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.

Sponsorer
Festivaler