| Lokale | Storsalen |
| Arrangør | Styret
Styret
|
| Dato | 21. februar |
| Tid | 18.00 - 20.00 |
| Billett | Billett inkludert i inngang |
| Aldersgrense | 18 år |
GJENBRUKSVEKA // Samfundsmøte: Grøn omstilling - Kven betaler prisen?
Kven har råd til elbil, energieffektiv bustad og berekraftige val, og kven sit igjen med høgare straumprisar, dyrare mat og større økonomisk utryggleik?
Den grøne omstillinga blir ofte omtalt som ei nødvendig og felles dugnad. Samstundes har debatten om straumprisar, kraftkablar og europeisk energipolitikk vist kor konfliktfylt omstillinga faktisk er. Når straum kan produserast billeg, men seljast dyrt i ein marknad tett kopla til Europa, melder spørsmålet seg: Er det klimaet, marknaden eller politiske val som avgjer kven som betaler?
Vi treng meir kraft og raskare utsleppskutt. Men kvar skal krafta kome frå, kven skal tene på henne, og kven skal ta belastninga? Kan vi byggje ny industri og kutte utslepp utan å forsterke naturkrisa eller auke den sosiale ulikskapen? Og bør straum behandlast som ei vanleg handelsvare, eller som eit nødvendig gode for alle?
Den grøne omstillinga handlar ikkje berre om teknologi og investeringar, men om rettferd, makt og legitimitet. Dersom folk opplever politikken som urettvis, står tilliten på spel.
Samtidig skjer omstilling òg i kvardagen. Å reparere, dele og gjenbruke kan vere både eit økonomisk og sosialt svar i ei tid der mange av dei grøne løysingane krev kapital.
Dette samfundsmøtet inviterer til ein open og grundig samtale om energi, natur og rettferd: Korleis får vi til ei omstilling som både kuttar utslepp, tek vare på naturen og fordeler kostnadene på ein rettvis måte?
På laurdag vil du møte Christian A. Klöckner (NTNU) Professor i Sosialpsykologi og senterleder for NOTRAP og Anne Guri Solem Universitetslektor ved Handelshøyskolen ved NTNU og rådgiver i Naturvernforbruket.
Det vil bli fremmet en intern meningsytring også, les den her
Informasjon om arrangementet
Dørane opnar kl. 17.45. Inngang gjennom hovudinngangen. Arrangementet er gratis for medlemmar, og kostar 50 kr for ikkje-medlemmar. Billettar kjøpast i døra.
Møtet blir strøyma på Samfundet sin YouTube-kanal. Møtet blir òg lasta opp i sin heilskap på YouTube-kanalen i etterkant
Sakspapir finn du her
For bordreservasjonar, send e-post til styret-bordreservasjon@samfundet.no
Presse? Ta kontakt på styret-presse@samfundet.no
Arrangement på Samfundet kan tilrettelegges for besøkende med bevegelses- og hørselshemminger. Se her for mer informasjon.