Information
Restaurant
Events
Volunteer

Norsk
Member
Internal
Area Klubben
Organizer Kulturutvalget
Kulturutvalget (KU)
Date 27. April 2017
Time 21:00 - 22:00
Ticket 100,- / 150,-
Age limit 18 years

Hajk

Your new favorite band is playing at Samfundet this spring!

Musikalsk beveger Hajk seg i eit friskt og moderne indie/pop-landskap, med eit sympatisk uttrykk og knallsterke melodiar. Bandet let seg inspirere av artistar som Dirty Projectors, Tame Impala, Unknown Mortal Orchestra og Amason, men står like fullt sterkt på eigne bein, med eit originalt og leikande uttrykk som også utfordrar sjangeren dei befinn seg i.

Trass i å vere eit ferskt band, har Hajk allereie spelt på både Slottsfjellfestivalen, Øyafestivalen, by:Larm og no sist på Trondheim Calling. Deira første singel "Medicine" vart umiddelbart radiolista, og har saman med songane "Common Sense", "Magazine" og "Best Friend" også fått internasjonal merksemd. Dei har motteke svært gode anmeldingar for deira rykande ferske debutalbum.

Eit breitt utval av den norske musikkbransjen sette Hajk på musikknyheter.no si Topp 3-liste over artistar dei har mest tru på i året som kjem. Vi lovar at du kjem til å høyre meire om Hajk framover, og dette blir ein av semesterets siste konsertar, så sørg for å få med deg den!

Events at the Student Society can be adapted for visitors with movement and hearing impairment. See here for more information.

Sponsors
Festivals