Information
Restaurant
Events
Volunteer

Norsk
Member
Internal
Area Knaus
Organizer Klubbstyret
Klubbstyret (KLST)
Date 26. August 2016
Time 23:59 - 01:00
Ticket Ticket included with entrance
Age limit 18 (student), 20 (non-student)

Kjartan Lauritzen

Kjartan Lauritzen er ein 20 år gammel rapper frå Sogn & Fjordane, tilflytt til Bergen, som dukka opp seint i 2014.

Han var ein av artistene som var med i Dagens Næringslivs fredagsmagasin, D2, i saken om den nye rapbølgja frå Bergen saman med artistar som Yoguttene, $ushi & Kobe og Hester V75. Hans første EP, Mestertyv, kom ut seint i Februar, og ikkje lenge etter kom EP nummer to, Under Skyen. Den første singelen, Havanna, har blitt streama over 450.000 gonger berre på Spotify. Singelen havna på 16. plass på Spotify Viral 50 i Norge, 20. i Sverige og 17. i Danmark. Kjartan Lauritzen leverer energiske og underhaldande liveshows, og konserten hans på Fres Festival i 2015 blei omtala slik av Hissig Musikkmagasin: "Med fiskehatt og fartssolbriller hoppar han rundt på scena, og gjer heile Fresvik til sin leikeplass. Eg får lyst å søke han opp på youtube.» Han slepp ein tredje EP i mai 2016, som vil by på nye sider av Kjartan Lauritzen.

Events at the Student Society can be adapted for visitors with movement and hearing impairment. See here for more information.

Sponsors
Festivals