Information
Restaurant
Events
Volunteer

Norsk
Member
Internal
Area Klubben
Organizer Styret
Styret
Date 22. January 2020
Time 18:00 - 19:30
Ticket Free entrance
Age limit 18 years

Onsdagsdebatt: Skal me legge ned bygda?

Er det ueffektivt å bu i små bygder og burde ein satse meir på dei store byane i landet?

I Noreg bur innbyggjarane spreidd over heile landet, i alle krikar og krokar. Det vert stadig diskutert om ein skal sentralisere Noreg, der Bunadsgeriljaen er ei av fleire tydelege motstemmer. Er det ueffektivt å bu i små bygder og burde ein satse meir på dei store byane i landet? Må me velge mellom bygd eller by, eller er det mogeleg å satse på begge? Er det eigentleg så dumt at ein bur vidstrakt i det vakre Noreg? Kvifor er det så viktig for enkelte å bu på usentrale stader då det gjerne gjer tenester mindre effektivte og meir utilgjengelege enn i byane? Kva verdi har bygda i dag? Dette er nokre av spørsmåla me ynskjer å ta opp i debatten, skal me leggja ned bygda?

For å debattere dette har me med oss Ada Arnstad frå Senterungdommen, Norunn Krokeide frå Grønn Ungdom og ein representant frå Unge Høyre.
Arnstad som tidlegare har leda Senterungdommen i om lag tre år ser på regjeringa si sentralisering som hårreisande. Grønn ungdom ser derimot ikkje på sentralisering som ein uting, men at alle burde tilgang på gode tenester der dei bur. Unge Høgre ser på regjeringa sitt løfte om å forbetre tenestene til folket og ulike reformer som ein god ting.

Events at the Student Society can be adapted for visitors with movement and hearing impairment. See here for more information.

Sponsors
Festivals